Sinnemestringsprogram i region vest  

Rekruttering av fagpersonell til opplæring i sinnemestringsprogrammet, Brøset-modellen

I tråd med handlingsplanen om vold i nære relasjonar "Vendepunkt" skal det gjerast ein innsats for å lære voldsutøvarar alternative måtar å handsame sine vold- og aggresjonsproblem på. I den samanheng prioriterer vi å gjennomføre opplæring i sinnemestringsprogrammet utvikla ved Brøset, slik at fleire fagfolk får god kompetanse innan feltet.
 
Regional sikkerheitsavdeling og kompetansesenter på Brøset skal i samarbeid med RVTS-Vest gjennomføre eit tverrfagleg utdanningsprogram i høve til vold i nære relasjonar, med forkus på å etablere: Behandlingstilbod til voldsutøvaren.
 
Behandlingsmanualen for sinnemestring baserer seg på "kognitiv terapeutisk tilnærming", og inkluderer difor ein grunnleggjande basiskunnskap i kognitiv terapi. 
 
Målgruppa er blant anna fagpersonar innan psykiatri/ DPS/ psykatriske poliklinikkar, kommunehelseteneste, familievernkontor, fengsel og friomsorg. Ta gjerne kontakt for å drøfte om dette kan vere relevant for andre instansar.
 
Inga kursavgift, men deltakarane må dekke utgifter med reise, opphald og kost sjølve.
 
Søknadsfrist: 15. august 2010
 
 
For meir informasjon, sjå vedlagt informasjonsskriv



Dokumenter for nedlasting
Informasjonsskriv Download

Skriv ut Skriv ut Nyhetsarkiv Nyhetsarkiv Tilbake Tilbake

    NYHETER
Tek med seg kunnskap til Hawaii
RVTS-Vest har tre foredragshaldarar på den årlege ISPCAN-kongressen. Denne gongen vert verdenskongressen arrangert i Honolulu, Hawaii.
Verdensdagen for sjølmordsførebygging
10. september arrangerer LEVE konferanse i samband med verdensdagen for sjølvmordsførebygging.
Temadag i Bergen 30.09.2010
Eritrea Og Etiopia: historisk og politisk bakteppe
Temadag "Traumefokuserte terapiteknikker"
RVTS-Vest arrangerer temadag med Atle Dyregrov, Senter for krisepsykologi 12. oktober 2010
Temadag om flyktningar i Indre Sogn 4. november 2010
"Korleis ta vare på seg sjølv i møte med traumatiserte flyktningar og asylsøkjarar?", Sogndal Quality hotell
    NYHETSARKIV
RVTS hovedside
NKVTS
NSSF
NAKMI
Helsedirektoratet
Helsebiblioteket