|
I Norge er det fem regionale ressurssentre om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging:
RVTS Vest dekker fylkene Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, og arbeider på tvers av etatar og sektorar. Senteret har rundt 20 tilsette fordelt i tre team som jobb ar med flyktningehelse og tvungen migrasjon, vald- og seksuelle overgrep, og sjølvmordsførebygging. Oppgåva vår er å samordne og styrke kompetansen på disse problemområda gjennom konsultasjon, undervising og nettverksbygging.
Etableringa av senteret gjenspeglar at ein har vorte stadig meir merksam på dei breie skadeverknadane av vald og traumatisk stress. Langt fleire enn ein tidlegare har v isst har opplevd eller lever med vald og overgrep, og dette er kjelde til mange av dei største vanskane hjelpetenestene møter.
Ein ser også sterke samanhengar mellom belastningane i dei gruppene senteret arbeider for å hjelpe. To av tre flyktningar har opplevd alvorlige traumer gjennom livstrugande krigshendingar, drap av familiemedlemar, fengsling og tortur. Forsking viser også ein mangedobla risiko for sjølvmord dersom ein har har vore utsett for vald og overgrep.
|